Hasund

 
 
 

LEDIGE STILLINGER

Hasund har ledig stillinger for lønns- og regnskapsmedarbeider, samt Regnskapsfører / Rådgiver.

Gå inn på fana for ledige stillinger for meir informasjon.

HASUND AS UTVIDER TIL ÅLESUND

hasund.jpg
Frå Pressmelding / Vikebladet Vestposten:
Hasund har tatt over rekneskapstenestene og lokala til Bedriftsrådgiveren AS i Ålesund - noko som gir Hasund fleire tilsette og kundar, og ein ny, spanande marknad.

I over 20 år har dagleg leiar Asbjørn Hasund drive verksemda. Han starta det heilt åleine, men har jamleg auka både kundemasse og tilsette.

– Dette er veldig bra for oss, og vi er glade for å no kunne tilby våre tenester både i Ulsteinvik og Ålesund. Med desse to avdelingane tel vi i dag heile 21 tilsette, og er stolte over å kunne vere eit av dei største økonomikontora på Sunnmøre, fortel Hasund i ei pressemelding frå rekneskapskontoret.

Hasund har tatt over kontorlokala til Bedriftsrådgiveren, sentralt plassert midt i Ålesund sentrum. Dette er ei verksemdsoverdraging, der fire tilsette, samt kundane følgjer med.

– Helge Rogne har utvikla Bedriftsrådgiveren i over 30 år, og etablert ein solid profil med ein kundemasse som passar vår utviklingsplan, seier Asbjørn Hasund og legg til:

– I overtakinga har det samtidig vore ein styrke å få med seg dyktige og lojale tilsette. Desse kjenner marknaden i og rundt Ålesund godt, og har brei erfaring og kunnskap for å kunne betene solide og krevjande kundar.

Kjennskap og nærleik til kunden
Det å ha nærleik til kunden har alltid vore viktig for Hasund AS.

Lokalkunnskap og kjennskap til næringane som formar samfunnet på Sunnmøre er ei leiesnor for rekneskapsbyrået, står det skrive i meldinga. 

Med hovudkontor på Borgstein, er det naturleg at Hasund har ei overvekt av maritime kundar i sin portefølje.

– Ja, vi er heldige som får hjelpe store og små kundar i denne marknaden. Vi har stadig tilsig av nye kundar, med lite forfall, og meiner det er eit resultat av at vi dagleg jobbar for å ha fornøgde kundar, som har tillit til den jobben vi gjer. Men dei siste par åra har vore krevjande, også for Hasund. Det er godt å sjå at 2018 ser lysare ut både for oss og kundane våre, fortel dagleg leiar Asbjørn Hasund.

– Veldig kjekt er det også å få overta kontoret i Ålesund med tilhøyrande nye kundar i ei ny spanande næring for oss; fiskeri. Eit av hovudområda for Bedriftsrådgiveren har vore å tilby tenester til fiskebåtar og anna fiskerelatert næring. Fisk gjer det veldig bra, så dette gler eg meg til å lære meir om, seier Asbjørn ivrig.

Og som gler seg over vidare vekst for selskapet.

– Ja, dette er spanande. Fram til no har vi lagt ned eit særs godt grunnlag for framtida til byrået, auka vekst og nye arbeidsplassar i både Ulsteinvik og Ålesund. Til saman har vi ein solid kompetanse om dei fleste næringar på Sunnmøre, frå store internasjonale reiarlag og konsern til små mikrobedrifter. Vi er stolte over det vi har fått til, og ser positivt på framtida, avsluttar Asbjørn med eit smil.  

FAGARTIKLER

Høstens kundebrev med artikler vi håper kan være av interesse

Skatte- og avgiftsforslag i Statsbudsjettet for 2017

Finansskatt, tømmerkonto, økt skjermingsfradrag, redusert overskuddsskatt og verdsettingsrabatt på aksjer og driftsmidler er noen av overskriftene fra Regjeringens budsjettforslag.

Regjeringen foreslår aksjesparingsordning

Ordningen vil innebære at personlige aksjonærer kan oppnå utsatt beskatning av aksjegevinster uten å måtte gå veien om å etablere et eget investeringsaksjeselskap.

Nye verdsettingsrabatter i formuesskatten

Regjeringen foreslår å innføre 10 % verdsettingsrabatt for aksjer og driftsmidler i 2017. I 2018 økes rabatten til 20 %. 

Valgfritt om halvt skattetrekk foretas i november eller desember

Arbeidsgiver med månedlige lønnsutbetalinger kan velge om halvt skattetrekk skal gjennomføres i november eller desember. Dette kan være fornuftig å planlegge i god tid før lønninger skal kjøres for november.

Kjøper du annonsering på Google, Facebook eller LinkedIn

Slike tjenester anses som fjernleverbare tjenester. Har du husket å beregne utgående merverdiavgift? 

ANDRE AKTUELLE ARTIKLER

· Mulig å utsette betaling av formuesskatt til 5 % rente

· Rapportering av refusjoner fra NAV endres

· Sykemeldinger er digitalisert

· Utvider permitteringsperioden til 52 uker

· Regelendringer fra 1. juli

· Ny mva-melding – ny hverdag!

· Registrering av kredittsalg i kassasystemer

· Hva er vedlikehold og hva er påkostning ved endringsarbeid på bygg?

KVELDSSEMINAR

Vi har gleda av å invitere deg til kveldsseminar i lokalene til Hasund AS ved Borgstein 20.10.16 kl. 16.00.
Hasund AS, med samarbeidspartnere, viser fram løysinger og programvarer som bidrar til ein meir effektiv og oversiktlig arbeidsflyt på fleire områder for våre kunder.
Det blir hyggelig samenkomst etter seminaret der vil byr på mat og drikke.
Vi håper du ønsker å delta.

Påmelding: linda@hasund.no

unnamed.png

HASUND AS 
Ulsteinvik
Ålesund
KONTAKT OSS

regnskap_norge.png




AKTUELT

Opphavsrett Hasund © 2019